Om laget

Jæren Mållag

Ei vidareføring av Klepp Mållag og Time Mållag, og ein del av Noregs Mållag gjennom Rogaland Mållag.

Føremålet vårt

Jæren Mållag skal samla målfolk på Jæren til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område, auka kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre, og styrkja grunnlaget for den folkelege by- og bygdekulturen.

Laget forvaltar òg Jørstad-fondet i tråd med fondet sitt kulturføremål og vedtektene.

Les vedtektene våre

Panorama frå Knudaheio med jærlandskap, steingard og det raude huset
Knudaheio og jærlandskapet rundt.

Historia vår

Me byggjer på meir enn hundre år med målarbeid

Jæren Mållag fører vidare arbeidet til Time Mållag og Klepp Mållag. Time Mållag vart skipa i 1923, og organisert arbeid for landsmål i Time kan sporast tilbake til 1869.

Les historia vår

Frå to lag til eitt

Me arbeider vidare med å samle historia til begge dei tidlegare laga. Etter kvart ønskjer me å få på plass meir om leiarar, viktige hendingar og historiske bilete frå både Time og Klepp.

Bli med

Medlemskap styrkjer arbeidet vårt

Jæren Mållag har hatt langsiktig medlemsvekst. Frå 186 medlemer i 2001 har laget vakse til 249 medlemer ved utgangen av 2025.

Les om medlemskap og bli medlem

2001–2025

63 fleire medlemer

Det svarar til om lag 34 prosent vekst over perioden. Du vel sjølv kor aktiv du vil vere som medlem.

Tillitsvalde

Styret i Jæren Mållag

Leiar

Jarleif Vågen

Nestleiar

Ingvill Tjelta

Skrivar

Margareth Skrettingland Roba

Kasserar

Bente Grødem

Styremedlem

Rønnaug Fjogstad

Varamedlemmar

1. varamedlem

Kjell Egil Tjosevik

2. varamedlem

Jon Eikeland

3. varamedlem

Ragnhild Stokka Dyngeland

Kontakt styret

Nyttige lenkjer

Målrørsla og lokalsamfunna våre

Jæren Mållag er lokallag for både Time og Klepp. Her er nokre relevante nettstader for målrørsla, språk- og kulturarbeidet og lokalsamfunna me høyrer til.