Slik vert du medlem
Innmelding skjer gjennom Noregs Mållag. Du vert automatisk plassert i det lokallaget som ligg geografisk nærast deg. Bur du i området vårt, vil du normalt verta knytt til Jæren Mållag.
Det kostar 200 kroner å melda seg inn. Etter det varierer den årlege medlemskontingenten etter kva lokal- og fylkeslag du høyrer til. Frå 1. oktober kvart år gjeld innmeldinga også for året etter.
Bur du saman med ein som allereie er medlem, finst det husstandsrabatt. Er du under 26 år, kan du melda deg inn i Norsk Målungdom.