Heider for nynorsk innsats

Målblomen

Jæren Mållag kan kvart år dela ut Målblomen til personar, lag, organisasjonar eller verksemder i Time eller Klepp som har gjort ein særleg innsats for nynorsk.

Kven fortener Målblomen?

Prisen skal løfta fram gode førebilete som viser korleis nynorsken er ein levande del av jærsk kultur, identitet og kvardagsspråk. Det kan vera innsats frå ungdom, god bruk av nynorsk i arbeidsliv, skule, media eller kulturliv, arbeid for å synleggjera nynorsk i offentleg eller privat verksemd, frivillig målarbeid eller andre tiltak som har hatt tydeleg positiv verknad lokalt.

Medlemmar, lokale lag og organisasjonar kan koma med framlegg til kandidatar, og styret kan òg sjølv nominera kandidatar. Framlegget må ha ei kort grunngjeving og vera Jæren Mållag i hende innan 1. desember.

Frist 1. desember

Hjelp oss å finna gode førebilete

Styret vurderer alle framlegg og vel mottakaren. Målblomen vert normalt delt ut på årsmøtet, eller ved eit anna høve der utdelinga kan gje ekstra synlegheit til nynorsken og målsaka.

Send namn på kandidaten og ei kort grunngjeving til styret@jmlag.no.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten med Målblomen og gåvesjekk frå Jæren Sparebank
Bothild Åslaugsdotter Nordsletten fekk Målblomen på årsmøtet i Jæren Mållag i februar 2026.

Siste mottakar

Til lukke med Målblomen, Bothild Åslaugsdotter Nordsletten!

Jæren Mållag heidrar Bothild for eit tydeleg og synleg engasjement for nynorsk og jærsk språk.

  • Ho har nytta nynorsk i arbeidet som redaktør i fagblad for landbruket.
  • Ho når ut i landet med nynorsken sin.
  • Ho snakkar jærsk.
  • Ho har ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten på Jæren.
  • Ho er engasjert.

Stor takk til Jæren Sparebank for gåvesjekken! Banken har i fleire år støtta Målblomen med 10 000 kroner.