Støtte til språk og kultur
Jørstad-fondet
Jæren Mållag forvaltar Jørstad-fondet, eit øyremerkt fond til kulturføremål der arbeid for bygdemål og nynorsk skriftmål skal stå sentralt.
Kva er Jørstad-fondet?
Jørstad-fondet er ein del av Jæren Mållag, men midlane er bundne til eit særskilt kulturføremål. Fondet skal nyttast til kulturarbeid, og tiltak som fremjar bygdemål og nynorsk skriftmål skal alltid vere ei hovudsak.
Fondet skal bidra til at gode språk- og kulturtiltak kan bli gjennomførte, samstundes som fondskapitalen vert forvalta langsiktig og forsvarleg.
Historia bak fondet
Jørstad-fondet har røter i historia til Time Mållag. Laget eigde i si tid Bryne Gjesteheim ved Mølledammen på Bryne. Huset var opphavleg bygd som privatvilla for Lauritz Bellesen, og fekk namnet Gjesteheimen då Time Mållag overtok eigedomen.
Då eigedomen seinare vart seld, vart midlar frå salet tekne vare på og danna grunnlaget for fondskapitalen som i dag ligg i Jørstad-fondet. Fondet vart oppkalla etter Jonas Jørstad, som var mangeårig leiar i Time Mållag. Jonas Jørstad var òg bokhandlar og ein ivrig fotograf. Han står bak mange av dei gamle bileta som dokumenterer Bryne og Jæren, og har på den måten sett spor etter seg langt utover arbeidet i mållaget. Namnet på fondet knyter derfor saman både målrørsla og lokal kulturhistorie.
På den måten er fondet både ein økonomisk ressurs for dagens språk- og kulturarbeid og ein del av den lange historia til målrørsla i Time og på Jæren. Gjennom fondet vert verdiar som tidlegare generasjonar bygde opp, førte vidare til nye tiltak for nynorsk, bygdemål og lokal kultur.
Søknadar som kjem oss i hende etter fristen, vert ikkje handsama i denne søknadsrunden, men vert tekne med til handsaming året etter.
Kva legg me vekt på?
Når styret vurderer søknadar, vert det særleg lagt vekt på om tiltaket:
- fremjar nynorsk språk og bygdemål
- har kulturell verdi og lokal forankring
- er realistisk og har god gjennomføringsevne
- er i samsvar med føremålet til Jørstad-fondet
Ved særlege kulturtiltak i Time, Klepp eller Hå opnar vedtektene også for at ein større del av fondskapitalen kan nyttast, dersom styret og årsmøtet gjer vedtak om det.
Dette bør søknaden innehalde
Du treng ikkje skrive ein lang søknad, men me må ha nok informasjon til å forstå tiltaket og vurdere det på ein ryddig måte. Ta med:
- namn på søkjar og kontaktinformasjon
- ei skildring av tiltaket
- målgruppe og geografisk tilknyting
- budsjett og finansieringsplan
- kor mykje det vert søkt om
- tidsplan for gjennomføringa
Korleis søkjer du?
Send søknaden elektronisk til styret i Jæren Mållag innan 15. oktober.
Slik vert søknaden handsama
Styret i Jæren Mållag handsamar søknadane og gjer vedtak i styremøte. Habilitet skal vurderast dersom eit styremedlem har personleg eller organisatorisk tilknyting til ein søknad. Dersom Jæren Mållag sjølv søkjer om støtte, skal revisor trekkjast inn før vedtak vert gjort.
Støtte kan betalast ut samla eller i delar. Styret kan også be om ein enkel rapport etter at tiltaket er gjennomført. Søknadar, vedtak og eventuelle rapportar vert arkiverte slik at handsaminga kan etterprøvast.
Kor mykje kan fondet dele ut?
Etter vedtektene kan inntil 75 prosent av avkastninga som vart rekneskapsført året før nyttast til ordinære utdelingar. Resten vert lagd til fondskapitalen. Det betyr at kor mykje som er tilgjengeleg for utdeling, kan variere frå år til år.
Vedtekter
Dei overordna reglane for Jørstad-fondet står i vedtektene for Jæren Mållag. Dei interne rutinane for søknadshandsaming er laga for å sikre ei open, ryddig og føreseieleg handsaming av søknadane.