Om nettsida

Personvern og informasjonskapslar

Besøksstatistikk

Jæren Mållag brukar GoatCounter for å få enkel besøksstatistikk og forstå kva innhald på nettsida som vert brukt. GoatCounter vert brukt utan informasjonskapslar (cookies) og vert ikkje brukt til marknadsføring eller til å følgje einskildpersonar over tid.

Me registrerer mellom anna sidevisingar og anonyme klikk på enkelte sentrale lenkjer, til dømes «Bli medlem». Føremålet er å kunne utvikle nettsida og aktivitetane våre på grunnlag av korleis nettsida faktisk vert brukt.

Informasjonskapslar

Nettsida set ikkje informasjonskapslar for besøksstatistikken. Dersom funksjonalitet som krev samtykke vert innført seinare, skal dette vurderast og løysast før funksjonaliteten vert teken i bruk.

E-post

Når du sender e-post til Jæren Mållag, vert opplysningane du sjølv sender behandla for å kunne svare på førespurnaden eller handsame saka di.

Universell utforming

Nettsida er bygd med semantisk HTML, tastaturnavigasjon, synleg fokus, god kontrast og responsivt oppsett som grunnprinsipp. Me ønskjer tilbakemelding dersom du møter barrierar.

Kontakt: styret@jmlag.no