Språk · kultur · Jæren

På Jæren skriv me nynorsk.

Jæren Mållag samlar målfolk på Jæren til aktivt arbeid for nynorsk, dialektane våre og den lokale kulturen.

Adventskalender 2026

Me har eit avgrensa tal kalendrar.

Kalenderen er eit lotteri med premiar som mellom anna gåvekort hos Den Norske Turistforening, teaterbillettar, krus og kubbe-spel. Du kan reservere kalender i Vipps #21780 allereie no. Så lenge «Adventskalender» er tilgjengeleg i Vipps, har me kalendrar på lager.

Du kan òg kjøpe kalender på filmkvelden vår og kvissane i oktober og november, så langt lageret rekk.

Når du tingar kalender gjennom Vipps på nettsida, skriv gjerne ei melding om korleis du ønskjer å få kalenderen i hende. Du kan hente han på eitt av arrangementa våre, eller me kan avtale overlevering nærare.

Noregs Mållag sin adventskalender 2026 med illustrasjon av Solveig Muren
Illustrasjon: Solveig Muren for Norsk Barneblad. Klikk på kalenderen for å sende oss ei bestilling.

Neste arrangement

Kviss på Mellombels

14. oktober 2026 kl. 20–22 · Mellombels ølstove

Det er alltid god stemning når Jæren Mållag arrangerer kvisskveldar på Mellombels. Du treng verken vere nynorskekspert eller Garborg-kjennar for å delta.

Kvisskveld

Ta med eit lag

Maksimalt fem deltakarar per lag. Kvissmaster er Jan Inge Buene.

Påmelding til Mellombels via Facebook eller e-post til post@mellombelsolstove.no.

Dette arbeider me med

Nynorsk skal vere synleg, levande og sjølvsagt.

Språk og lokalsamfunn

Me arbeider for nynorsk i skule, barnehage, kommunar, næringsliv og kvardagsliv på Jæren.

Kultur og møteplassar

Føredrag, kviss, markeringar, bok- og kulturarrangement gjer språket til ein naturleg del av lokalsamfunnet.

Sjå aktivitetane våre

Frå laget

Tekstar og innlegg

Me skriv av og til om nynorsk, språkglede og det som skjer rundt oss på Jæren.

Debattinnlegg · september 2026

«Eg elskar nynorsk!», sa guten!

Etter Potetfestivalen på Bryne sit me att med takksemd for alle dei gode møta med menneske som er glade i nynorsken.

Les innlegget

Sjå fleire tekstar og innlegg →

Lokalt engasjement

Språkglede i praksis

Jæren Mållag vil vere synleg der folk er. Små møte, gode samtalar og konkrete tiltak kan gjere ein stor skilnad for nynorsken.

Sjå meir om aktivitetane våre

Hand som held jakkemerke med teksten På Jæren skriv me nynorsk
«På Jæren skriv me nynorsk» er eit bodskap me brukar for å gjere nynorsken synleg.

Jørstad-fondet

Støtte til kulturføremål

Jæren Mållag forvaltar Jørstad-fondet. Midlar kan delast ut etter søknad, og fast søknadsfrist er 15. oktober kvart år.

Søknadsadresse

styret@jmlag.no

Send søknaden elektronisk til styret i Jæren Mållag.

Støtt arbeidet vårt

To enkle måtar å bidra på

Norsk Tipping

Grasrotandelen

Vel Jæren Mållag som grasrotmottakar

Dersom du spelar hos Norsk Tipping, kan du velje Jæren Mållag som grasrotmottakar. Då går ein del av spelinnsatsen din til arbeidet vårt, utan at det kostar deg noko ekstra eller påverkar premien din.

For dei fleste spela er Grasrotandelen 7 prosent av spelinnsatsen.

Finn Jæren Mållag hos Norsk Tipping

Vipps

Støtt Jæren Mållag direkte

Du kan òg støtte arbeidet vårt direkte med Vipps.

Vipps-nummer#21780

Søk etter Jæren Mållag i Vipps, eller skann QR-koden.

QR-kode for Vipps til Jæren Mållag, Vipps-nummer 21780
Panorama frå Knudaheio med jærlandskap, steingard og det raude huset
Jærlandskapet kring Knudaheio.

Dokument og historie

Årsmeldingar og vedtekter

Me gjer sentrale dokument lett tilgjengelege. Her finn du vedtekter, årsmøtepapir og årsmeldingar frå laget.

Gå til dokumentarkivet