Eit aktivt lokallag

Aktivitet

Jæren Mållag arbeider for at nynorsk skal vera synleg og levande i Time og Klepp gjennom møteplassar, kultur, skulearbeid og lokal synleggjering.

Nynorsk i kvardagen

Ved utgangen av 2025 hadde Jæren Mållag 248 betalande medlemar. Laget arbeider gjennom både kulturarrangement, møteplassar, synleggjering og konkrete tiltak for barn og unge.

Skule og barnehage

Me arbeider for at barn og unge skal møte nynorsk som eit levande språk gjennom litteratur og aktivitetar. I 2025 delte laget mellom anna ut aktivitetshefte og nynorske bokpakkar.

Kultur og møteplassar

Kviss, føredrag, salmekveldar, stand og andre arrangement løftar fram nynorsk språk og lokal kultur og skaper møteplassar med låg terskel.

Garborgheimen og Knudaheio

Jæren Mållag har gjennom fleire år hatt sundagsvakthald i Garborgheimen og Knudaheio. Det knyter arbeidet vårt tett til den lokale språk- og kulturhistoria på Jæren.

Synleg lokalt

Frå stand til språkarrangement

Gjennom året deltek og arrangerer laget aktivitetar som gjer nynorsken synleg i lokalsamfunnet. I 2025 omfatta dette mellom anna Jærdagen, nynorskdagen, kvisskveldar, salmekveldar, «Språk til lunsj» og arrangement knytte til Nynorskstafetten.

Me har òg møte med kommuneleiing og fagmiljø i Time og Klepp om språk, skule og lokale nynorskspørsmål.

Hand som held jakkemerke med teksten På Jæren skriv me nynorsk
«På Jæren skriv me nynorsk» er eit bodskap me brukar for å gjere nynorsken synleg.

Frå laget

Tekstar og innlegg

Debattinnlegg · september 2026

«Eg elskar nynorsk!», sa guten!

Etter Potetfestivalen på Bryne sit me att med takksemd for alle dei gode møta med menneske som er glade i nynorsken.

Les heile innlegget

Debattinnlegg · 24. april 2025

Kvifor nynorsk er viktigare enn du trur

Om språk, identitet, kultur og kvifor nynorsk framleis har ein viktig plass i eit moderne og mangfaldig samfunn.

Les innlegget i Jærbladet

Debattinnlegg i Jærbladet

Nynorsken treng oss

Eit innlegg om kvifor nynorsken treng aktive brukarar og engasjement også i kvardagen.

Les innlegget i Jærbladet

Debattinnlegg i Jærbladet

Då daosleden gjekk landet rundt

Eit innlegg om nynorsk, språkbruk og korleis lokale ord og uttrykk kan få eit liv langt utanfor Jæren.

Les innlegget i Jærbladet