Arbeidsåret 2025

Årsmelding for Jæren Mållag 2025

Vedteken som årsmelding for arbeidsåret 2025.

Tillitsvalde i arbeidsåret 2025

Leiar: Jarleif Vågen
Nestleiar: Berit Bryne
Skrivar: Margareth Skrettingland Roba
Kasserar: Magne Wiggo Høyland
Styremedlem: Ingvill Tjelta

Varamedlemmar: Bente Grødem, Jon Eikeland og Ragnhild Stokka Dyngeland.

Årsmøtet 2025

På årsmøtet 11. februar 2025 møtte det 21 medlemar. Turid Time heldt føredrag om nynorsk i jærskulane, og Mari Ask Helland bidrog med kveding. Turid Time fekk Målblomen og ein gåvesjekk frå Jæren Sparebank på kr 10 000.

Medlemstal

Medlemstalet auka gjennom styreåret. Per 31.12.2025 hadde Jæren Mållag 248 betalande medlemar, ei auke med 16 medlemar frå året før.

Styremøte

Det var jamlege styremøte gjennom heile året, og styret handsama 122 saker fram til styremøtet 3. februar. Året hadde òg nokre endringar i styresamansetjinga, og styret takka alle som tok ansvar i perioden.

Kvisskveldar

Jæren Mållag hadde kvisskveldar omtrent månadleg på Mellombels på Bryne. Kvissane vart ein fast og populær møteplass med låg terskel for deltaking og god stemning.

Garborgheimen og Knudaheio

I 2025 hadde laget sundagsvakthald i Garborgheimen og Knudaheio i mai og fram til skuleslutt i juni, og frå skulestart i august og ut september – 16 sundagar til saman. Vakttida var frå kl. 12 til 16.

Jærdagen og nynorskdagen

På Jærdagen stod laget på stand og delte ut sjokolade og jakkemerke med teksten «På Jæren skriv me nynorsk!». Nynorskdagen vart markert med stand på Jærhagen. Laget var òg synleg i samband med stortingsvalet, med særleg merksemd på nynorsk i skulen.

Medlems- og internkommunikasjon

Laget heldt fram med digital internkommunikasjon gjennom Microsoft Teams og SharePoint. Mykje eldre dokumentasjon vart digitalisert, slik at det vart mogleg å søkje i eldre tekstar og finne att detaljar frå tidlegare styremøte og vedtak.

Adventskalendar og handlenett

Jæren Mållag tinga 140 mållagskalendrar i samband med adventstida, og alle vart selde. Laget fekk òg produsert handlenett som vart brukt som premiar og lagde ut for sal.

Føredrag, kultur og arrangement

Gjennom året arrangerte og deltok laget på fleire arrangement, mellom anna salmekveldar i samband med 100-årsjubileet for Nynorsk salmebok, «Språk til lunsj» med Linda Eide under Nynorskstafetten, avslutningsfest for Nynorskstafetten på Garborgsenteret og møte med kommuneleiing og fagleiing i Time og Klepp.

Arbeid mot skule og barnehage

Laget delte ut aktivitetshefte til 2. klassingar og bokpakkar med nynorsk litteratur til barnehagar på Jæren. Målet var å styrkje leseglede og gje barn eit naturleg møte med nynorsk tidleg. Jæren Mållag fekk støtte frå Jørstad-fondet til dette arbeidet.

Synleggjering

Jæren Mållag brukte sosiale medium til informasjon om arrangement, formidling av nynorsk språk og kultur, deling av innhald frå samarbeidspartnarar og synleggjering av lokale språkpolitiske saker. Laget tok òg initiativ til nynorsk omsetjing av Hudd og var det fyrste mållaget med eiga side der.

Avslutning

Styret vurderte Jæren Mållag som eit aktivt og synleg lag i 2025, trass i endringar i styresamansetjinga. Arbeidet for nynorsken på Jæren stod sterkt, og laget nådde både nye og etablerte målgrupper.

Klepp, 20. januar 2026 – Styret i Jæren Mållag

← Tilbake til dokumentoversynet