Styringsdokument
Vedtekter for Jæren Mållag
Vedtekne på årsmøtet 10. februar 2026.
§ 1 Føremål
Jæren Mållag har til føremål:
- å samla målfolk på Jæren til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område
- å auka kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre
- å styrkja grunnlaget for den folkelege by- og bygdekulturen og verna om miljøet i byen og bygda vår
- å forvalta Jørstad-fondet i tråd med fondet sitt kulturføremål og desse vedtektene
§ 2 Organisasjonstilknyting
Jæren Mållag er ei vidareføring av Klepp Mållag og Time Mållag, og skal vera innmeldt i Noregs Mållag gjennom Rogaland Mållag, med dei rettar og plikter eit lokalt mållag har.
§ 3 Arbeidsår og årsmøte
Arbeidsåret skal følgja kalenderåret. Laget skal halda årsmøte innan utgangen av februar. Årsmøtet skal kunngjerast minst tre veker på førehand.
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret vedtek det, eller når minst ¼ av medlemmane krev det.
§ 4 Årsmøtet
Årsmøtet er øvste organ i laget og skal:
- godkjenna årsmelding og rekneskap
- fastsetja årspengar
- vedta arbeidsprogram
- velja tillitsvalde
- handsama rapportering om Jørstad-fondet
Røysterett har dei som har betalt årspengar for året som var.
§ 5 Val
Årsmøtet skal velja:
- leiar ved særskilt val kvart år
- fire styremedlemmar og tre varamedlemmar. Styremedlemmane vert valde for to år, med rullering slik at halvparten står på val kvart år. Varamedlemmar vert valde for eitt år
- revisor
- utsendingar til årsmøte i fylkeslaget og landsmøte i Noregs Mållag
§ 6 Styret
Styret skal velja seg imellom nestleiar, skrivar/sekretær, kasserar og styremedlem. Styret har ansvar for den daglege verksemda i laget mellom årsmøta.
Styret er vedtaksført når det er kalla inn på vanleg måte og minst tre styremedlemmar eller varamedlemmar møter, mellom dei leiar eller nestleiar.
§ 7 Nedlegging av laget
Laget skal reknast som nedlagt når medlemstalet kjem under 10. Rogaland Mållag kan òg rekna laget som nedlagt dersom det i tre år på rad ikkje vert halde årsmøte og sendt årsmelding.
§ 8 Eigedom og midlar ved nedlegging
Dersom laget vert nedlagt, skal styret i Rogaland Mållag ta hand om møtebøker og anna eigedom.
Dersom nytt lag vert skipa og meldt inn i Noregs Mållag innan fem år etter nedlegging, skal eigedomen gå attende til laget. Går det lengre tid, tilfell eigedomen Rogaland Mållag.
Jørstad-fondet skal likevel forvaltast etter §§ 9–15.
Jørstad-fondet
§ 9 Status og føremål
Jæren Mållag har eit øyremerkt fond kalla Jørstad-fondet. Fondet er ein del av laget, men midlane er bundne til eit særskilt føremål fastsett i desse vedtektene.
Fondet skal nyttast til kulturføremål. Kulturarbeid som fremjar bygdemål og nynorsk skriftmål skal alltid vera ei hovudsak.
§ 10 Forvalting og ansvar
Styret i Jæren Mållag har det fulle ansvaret for forvaltinga av Jørstad-fondet, både økonomisk og fagleg. Styret skal forvalta fondet i samsvar med føremålet, desse vedtektene og alminnelege krav til forsvarleg økonomistyring.
§ 11 Søknadar og søknadsfrist
Midlar frå Jørstad-fondet kan delast ut etter søknad. Fast søknadsfrist er 15. oktober kvart år.
§ 12 Handsaming av søknadar og habilitet
Styret i Jæren Mållag skal handsama og avgjera alle søknadar om midlar frå Jørstad-fondet.
Dersom Jæren Mållag sjølv søkjer om midlar frå fondet, skal søknaden handsamast i samråd med revisor for å unngå interessekonflikt. Revisor skal i slike tilfelle gje ei skriftleg vurdering av habilitet og forsvarleg handsaming.
Styremedlemmer som er direkte involverte i ein søknad, skal vurdera eiga habilitet og eventuelt tre til side under handsaminga.
§ 13 Økonomiske rammer
Inntil 75 prosent av avkastning regnskapsført året før kan nyttast til utdelingar. Resten skal leggjast til fondskapitalen.
Fondsmidlane skal plasserast trygt og etter dei same prinsippa som gjeld for midlar til umyndige.
§ 14 Særlege tiltak
Ved særlege kulturtiltak i Time, Klepp eller Hå kan ein større del av fondskapitalen nyttast, dersom styret i Jæren Mållag i samråd med årsmøtet gjer slikt vedtak.
§ 15 Rapportering
Bruken av Jørstad-fondet skal koma fram i årsmelding og rekneskap for Jæren Mållag. Fondskapital, avkastning og utdelingar skal førast oversiktleg og etterprøvbart.
§ 16 Fondet ved nedlegging av laget
Dersom verksemda i Jæren Mållag ligg nede i meir enn tre år, skal Rogaland Mållag ta mellombels ansvar for forvaltinga av Jørstad-fondet fram til verksemda vert teken opp att.
Dersom verksemda i Rogaland Mållag vert avslutta, skal Jørstad-fondet etablerast som eiga juridisk eining med eige organisasjonsnummer. Fondet skal då forvaltast i tråd med føremålet og vedtektene som vart vedtekne 28. januar 2020, og som vert erstatta av desse vedtektene ved at Jørstad-fondet går inn under Jæren Mållag si forvalting.
Fondet kan ikkje avviklast eller nyttast i strid med føremålet.
§ 17 Endring av vedtektene
Framlegg til endring i vedtektene skal vera kjende for medlemmane minst tre veker før årsmøtet.
Endring av §§ 3–8, 10–12 og 14–16 krev 2/3 fleirtal. Endring av §§ 1, 2 og 17 krev samrøystes vedtak. Endring av § 9 og § 13 kan ikkje gjerast då dette vil vere i strid med fondets opphavelege føremål og ynskje.