Språk og lokalsamfunn
Me arbeider for nynorsk i skule, barnehage, kommunar, næringsliv og kvardagsliv på Jæren.
Språk · kultur · Jæren
Jæren Mållag samlar målfolk på Jæren til aktivt arbeid for nynorsk, dialektane våre og den lokale kulturen.
Adventskalender 2026
Me har eit avgrensa tal kalendrar.
Kalenderen er eit lotteri med premiar som mellom anna gåvekort hos Den Norske Turistforening, teaterbillettar, krus og kubbe-spel. Du kan reservere kalender i Vipps #21780 allereie no. Så lenge «Adventskalender» er tilgjengeleg i Vipps, har me kalendrar på lager.
Du kan òg kjøpe kalender på filmkvelden vår og kvissane i oktober og november, så langt lageret rekk.
Når du tingar kalender gjennom Vipps på nettsida, skriv gjerne ei melding om korleis du ønskjer å få kalenderen i hende. Du kan hente han på eitt av arrangementa våre, eller me kan avtale overlevering nærare.

Neste arrangement
14. oktober 2026 kl. 20–22 · Mellombels ølstove
Det er alltid god stemning når Jæren Mållag arrangerer kvisskveldar på Mellombels. Du treng verken vere nynorskekspert eller Garborg-kjennar for å delta.
Kvisskveld
Maksimalt fem deltakarar per lag. Kvissmaster er Jan Inge Buene.
Påmelding til Mellombels via Facebook eller e-post til post@mellombelsolstove.no.
Dette arbeider me med
Me arbeider for nynorsk i skule, barnehage, kommunar, næringsliv og kvardagsliv på Jæren.
Føredrag, kviss, markeringar, bok- og kulturarrangement gjer språket til ein naturleg del av lokalsamfunnet.
Fondet støttar kulturføremål der arbeid for bygdemål og nynorsk skriftmål skal stå sentralt.
Frå laget
Me skriv av og til om nynorsk, språkglede og det som skjer rundt oss på Jæren.
Debattinnlegg · september 2026
Etter Potetfestivalen på Bryne sit me att med takksemd for alle dei gode møta med menneske som er glade i nynorsken.
Lokalt engasjement
Jæren Mållag vil vere synleg der folk er. Små møte, gode samtalar og konkrete tiltak kan gjere ein stor skilnad for nynorsken.

Jørstad-fondet
Jæren Mållag forvaltar Jørstad-fondet. Midlar kan delast ut etter søknad, og fast søknadsfrist er 15. oktober kvart år.
Støtt arbeidet vårt
Grasrotandelen
Dersom du spelar hos Norsk Tipping, kan du velje Jæren Mållag som grasrotmottakar. Då går ein del av spelinnsatsen din til arbeidet vårt, utan at det kostar deg noko ekstra eller påverkar premien din.
For dei fleste spela er Grasrotandelen 7 prosent av spelinnsatsen.
Vipps
Du kan òg støtte arbeidet vårt direkte med Vipps.
Vipps-nummer#21780
Søk etter Jæren Mållag i Vipps, eller skann QR-koden.


Dokument og historie
Me gjer sentrale dokument lett tilgjengelege. Her finn du vedtekter, årsmøtepapir og årsmeldingar frå laget.